top of page

Marie Austrheim Riise er musikar og komponist, busett i Ørsta kommune, på Sunnmøre. 

Etter musikkstudia har ho arbeidd som kantor i Ørsta kyrkje. Ved sidan av kantoryrket tek ho også på seg oppdrag som freelancemusiker.

 

Ho vert ofte leigd inn som musikar til bryllaup, som solist og/eller akkopagnatør på konsertar og ulike eventar. I tillegg til dette komponerar/arrangerar ho musikk til kor, ulike prosjekt, forestillingar og til privatpersonar (på bestilling). 

Marie Austrheim Riise er ein allsidig musikar som beherskar fleire sjangrar, noko som også er hennar styrke. Musikken hennar gjenspeglar nettopp dette. Ho er inspirert av norsk folkemusikk, og ein kan høyre at ho tek med seg element frå denne sjangeren inn i hennar eigne komposisjonar. Ho er også inspirert av, og har godt fotfeste innanfor, både den klassiske musikktradisjon, salmetradisjonen og populærmusikk. 

 

Å ta med seg element frå dei ulike musikktradisjonane for så å kombinere desse i lag, er viktig for Marie. Slik gjenspeglar ho seg sjølv som musikar. 

Marie studerte musikk i Oslo, ved Høgskulen i Staffeldtsgate, med klaver som hovedinstrument og orgel som biistrument. Etter dette tok ho vidareutdanning innan kyrkjemusikk ved NMH. Ho har også ein master i musikkvitenskap frå UIO.

 

Marie dirigerer to kor: Hjørundfjord barnekor og Ørsta kyrkjekor. Ho har også ein rekke verv. Ho er leiar i flygelnemnda i Ørsta, som arrangerer konsertar i Ørsta kyrkje. Vidare sit ho i Kyrkjemusikalsk råd for Møre bispedømme. Sist men ikkje minst er ho styremedlem i Sunnmøre Kammermusikkfestival. Sjå heimeside: www.kammermusikkfestivalen.no

Ho samarbeider også med mange dyktige musikarar og songarar. 

Ta gjerne kontakt dersom du vil booke henne til ein konsert, event eller om du har andre spørsmål. 

bottom of page